Vinnarar av ti turar i Time 2017

Ordfører Reinert Kveneland og landbrukssjef Brit Jorunn Haslemo trakk vinnarane av ti turar i Time 2017. - Klikk for stort bilete

 

Ordførar Reinert Kverneland har nå trekt ut to heldige vinnarar av Ti Turar i Time 2017.

Dei heldige vinnarane er Ludvig Høyland, 6 år, og Hanna Varhaug, 6 år. Dei får eit gåvekort på kr 1000 kvar.

 

I 2017 er det i alt 303 personar som har levert inn registreringskort, og av desse har 241 gått alle ti turane. Alle som har levert inn registreringskort har fått velje seg ein turpremie, enten matboks, multilue eller sitjeunderlag. Folkehelsekoordinator Anne Reidun Garpestad fortel at turopplegget er populært blant innbyggjarane i Time:

 

- Det er mange som har hatt dette som familieaktivitet i vår, sommar og haust. Dette året er det 40 fleire som har levert registreringskort samanligna med i fjor. Sjølv om det har vore ein våt sommar og haust har me fått mange gode tilbakemeldingar på turopplegget, og me satsar på at me fortsetter med ti turar i Time også neste år, seier Garpestad.

Publisert av Odd Ivar Nese. Sist endra 14.11.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering