Viktig felles innsats for å unngå brann

Trygg hjemme logo.jpg - Klikk for stort bilete

Prosjektleiar og fagutviklar Olaug Akselberg, bustadkonsulent Torhild Egeland og branninnspektør Ava Sadeghi samarbeider om å gje førebyggande hjelp til innbyggjarar i Time med høg risiko for brann i heimen. Førebygging er livredding som må vera ein del av helsetenesta, meiner dei.

Deltakarar på Trygg hjemme konferanse.JPG - Klikk for stort bilete

Time kommune har saman med Rogaland Brann og redning fått midlar frå det store Brannløftet finansiert av Gjensidigestiftelsen til å systematisera førebygginga mot brann hos risikoutsette grupper.

 

Alle som får tenester eller oppfølging i heimen frå den kommunale heimetenesta, miljøtenesta, fysio- og ergoterapeuttenesta, flyktningetenesta eller avdeling for rus og psykiatri er i målgruppa for brannførebygginga som er sett i gang. Ved hjelp av ei sjekkliste vert det ved innflytting og etter kvart jamleg vurdert om heimen har tilgjengelege rømmingsvegar og varslingsutstyr, og om varslinga er forsvarleg i forhold til bebuaren si helse.

 

I tillegg kjem brannvesenet sine førebyggingsmannskap til kommunen ei veke i året for å besøka kommunale og private bustader i kommunen. Nå er det også sett i verk opplæring i brannførebygging for tilsette som gjev heimebaserte tenester.  

 

Kommunen har branntilsyn og bustadrettleiing i kommunale bustader
- I kontraktane for kommunale bustader, har me lagt inn at kommunen har rett og plikt til å ha tilsyn med bustadene, seier Torhild Egeland, som er bustadkonsulent i kommunen. Dette er både for å sikra eigedom og tryggleik for bebuarane. Dei som har tenester frå miljøtenester og avdeling rus og psykiatri har også oppfølgingskontrakt når dei bur i kommunal bustad, slik at dei får hjelp til det å bu trygt.

 

- Nå har me ennå meir fokus på dette med branntryggleik enn før, seier Egeland. Saman med omsorgstenestene oppsøkjer ho bustader dei har tilsyn med, og brannvesenet er med der det er nødvendig. Nokre gonger er bustaden så brannfarleg at den må stengast for opprydding før bebuaren kan flytta inn att, fortel ho.

 

Dersom ein bebuar i kommunal bustad ikkje ønskjer besøk eller tilsyn, prøver kommunen først med ein ny avtale, men ut frå husleigekontrakten kan ein også låsa seg inn dersom det er grunn til å tru at det kan vera stor risiko for brann i bustaden, fortel Egeland.


 

Bekymring frå naboar og familie er utgangspunkt
- Når det gjeld private bustader har kommunen ikkje så mykje handlingsrom, seier branninspektør Ava Sadeghi frå Rogaland Brann og redning.

 

 - Heimetenestene kan gje råd og rettleiing ovanfor brukar eller pårørande, men når det ikkje er nok vert brann og redning kopla på. Samarbeid med helsetenestene er veldig viktig, seier Sadeghi, for då får me ordna opp både med branntryggleiken og det som gjeld helse- og omsorgssituasjonen samtidig.

 

Sjølv om brannvesenet har rett til å skaffa seg adgang ved bekymring for brann, slepp dei oftast å bruka denne, i følge branninnspektøren. - Det er sjeldan motstand når me kjem på tilsyn, tvert i mot set mange pris på oss og det er mange fine samtalar seier ho.

 

- Utfordringa vår er å finna dei kommunen ikkje veit om, dei som ennå ikkje har fått tenester men som har ein forverra helsetilstand som gjer at dei ikkje tek godt vare på seg sjølv og buforholda sine.  - Her er me heilt avhengige av at pårørande, venner og naboar som er bekymra seier i frå, seier Sadeghi.  3/4 av dei som dør i brann høyrer til i utsette grupper – desse er særleg heimebuande eldre og pleietrengande, og personar med utfordringar innan rus og psykiatri, i følgje branninnspektøren.

 

– Tørrkoking fleire gonger kan for eksempel vera eit signal om at det har skjedd noko med helsa som bør følgast opp, seier Ava Sadeghi, og understreker at helsearbeidarar har ei særleg meldeplikt dersom det kan vera fare for liv og helse. Dersom andre er bekymra for branntryggleiken i eit hus, kan det meldast direkte til brannvesenet, og meldinga kan behandlast anonymt.

 

Branntryggleik – ein del av jobben
- Branntryggleik skal vera like langt framme hos helsearbeidaren som det å måla blodsukkeret og andre rutinar når ein kjem heim til folk, seier Olaug Akselberg, som er koordinator for prosjektet i Time.

 

-  Dette skal vera ein del av jobben i dei kommunale tenestene, ikkje noko me gjer i tillegg, seier Akselberg. - Har me gode rutinar for å fanga opp situasjonar, aukar moglegheiten for å gjera noko med dei, seier ho.

 

Så langt har midlane frå Brannløftet gått til å oppretta ei koordinatorstilling og til å gjennomføra systematisk kartlegginga og etablering av rutinar og system for førebygging. Nå søkjer kommunen støtte til spesialtilpassa røykvarslarar, komfyrvakt og detektorar som kan koplast mot tryggleiksalarmar og sjølv melda frå direkte til responssenter. Dette er viktig utstyr som kan førebyggja brann i utsette grupper, meiner dei tre i prosjektgruppa.

 

Det nære samarbeidet mellom kommunen og Rogaland brann og redning er nedfelt i ein eigen samarbeidsavtale. Prosjektgruppa meiner denne avtalen er viktig for å forankra arbeidet og skapa gode rutinar på sikt.

 

 – Det at me jobbar tverrfagleg er viktig fordi me raskt kan setja oss saman og finna ut kva kvar av oss kan bidra med for å hjelpa den personen det gjeld, seier branninspektør Sadeghi, og får støtte frå dei andre i prosjektet.

Publisert av Elin Wetås de Jara. Sist endra 30.11.2017
Fann du det du leita etter?