Verdas beste sjakkspelarar kjem til skuleturnering på Bryne

I juni vert det skulesjakkturnering på Bryne. - Klikk for stort bilete Altibox Norway Chess

 

Verdas beste sjakkspelarar kjem til Stavangerområdet i slutten av mai for å delta i Altibox Norway Chess. I samband med dette vert det arrangert ei skulesjakkturnering på Bryne for barn mellom 6-16 år, der også dei store stjernene kjem for å inspirera dei unge sjakkspelarane. 

 

Skulesjakkturneringa vert arrangert 8.-9. juni på Bryne vidaregåande skule, og ordfører Reinert Kverneland syns det er strålande at denne turneringa vert arrangert i Time kommune:

 

 - Me i Time er stolte og glade for at Altibox Norway Chess skolesjakkturnering 2018 vert arrangert på Bryne  og i samarbeid med Time kommune og Jæren sjakklubb. Sjakk er ein spennande og bra aktivitet for mange, ikkje minst barn og unge, og me håper at mange lokale og tilreisande skulelag kjem for å delta. Det er også veldig kjekt at spelarane frå hovudturneringa tek turen til Bryne for å inspirera dei unge spelarane.

 

Det er sjette gongen at skulesjakkturneringa vert arrangert parallelt med eliteturneringa. Dei store sjakkstjernene kjem innom for å helse på deltakarane i løpet av helga .TV Vest stiller med eige studio, med både programleiar og sjakkekspert, og overfører frå heile skulesjakkturneringa.

 

Det er gratis å delta på skulesjakkturneringa.

 

Publisert av Odd Ivar Nese. Sist endra 23.03.2018
Fann du det du leita etter?