Varsel om oppstart: Plan 0512.00 - Detaljregulering for bustadar i Biskop Hognestads gate 7 og 9, Bryne

Føremålet med reguleringa er å legge til rette for bustadar med tilhøyrande anlegg, uteopphaldsareal og infrastruktur. Området ligg innanfor B11 som er avsett til bustadføremål i kommunedelplan for Bryne sentrum.

 

 

Det er gjennomført oppstartsmøte med Time kommune. På grunn av ueinigheter om vesentlege punkt er planinitiativet behandla i politisk utval for lokal utvikling (LOK) 25.10.2018 (saksnr. 075/18). Følgjande vedtak om premissane for det vidare planarbeidet vart gjort:

 

  • Areal under bakken skal ikkje reknast med i BRA. Dette gjeld areal som parkering, bod, tekniske rom, lager mm.
  • Trappehus/heissjakt over maksimal byggehøgde tillatast inntil 4m. Trappehuset/heissjakt skal trekkast minimum 2m frå fasade.
  • Uteareal på tak skal følge sentrumsplanen. Areala både på tak og på bakkenivå må sikrast god kvalitet då prosjektet har høg grad av utnytting.
  • Det må takast særleg omsyn ved utforming av bustadar i første etg. for å sikre god bukvalitet

 

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing

 

 

Merknader og kommentarar som kan være relevante for planarbeidet sendast til Stav Arkitekter AS, Øvre Banegate 28, 4014 Stavanger (eller på e-post til: paal@stavark.no), med kopi til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no)

 

 

Frist for merknader: 30.12.2018

 

 

Det vert anledning til å uttale seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter førstegongshandsaming i lokal utvikling (LOK).

 

Vedlegg:

0512.00 Planinitiativ (PDF, 7 MB)

0512.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 715 kB)

0512.00 Protokoll_LOK (PDF, 210 kB)

0512.00 Plangrense (PDF, 154 kB)

0512.00 Varslingsbrev (PDF, 77 kB)

 

 

 

 

 

Publisert av Hiba Saeed Idris. Sist endra 30.11.2018
Fann du det du leita etter?