Varsel om oppstart - plan 0511.00 Detaljregulering for Tjødnavegen, Bryne

Norconsult AS er engasjert av Time kommune til å regulera Tjødnavegen.

 

Formål med planarbeidet

Formål med planen endring av vegprofil og flytting av fortau til andre side av vegen, og skjer som ein del av arbeid med rehabilitering på grunn av gamle røyr og lite kapasitet på overvatn. Det vil i tillegg bli etablert flaumveg og regnbed. Gata strekk seg frå Hognestadvegen i vest til Eivindsholtjørn i aust.

 

Korleis kan du gje innspel til planarbeidet

Me vil gjerne høyra meininga di. Eventuelle kommentarar kan du senda til: post@time.kommune.no. Merk med Plan 0511.00. Me ber om at eventuelle leigetakarar vert orienterte.

Oppstart av planarbeidet er også kunngjort på www.time.kommune.no og i Jærbladet.

 

Frist for merknader er: 14.05.2018

 

Vedlegg:

Varslingsbrev med planområdet (PDF, 499 kB)

Publisert av Hilde Tjemsland. Sist endra 16.04.2018
Fann du det du leita etter?