Tusenvis av dokument til Danmark

165 esker med mapper frå byggesaks- og landbruksarkivet blei sendt til Danmark. - Klikk for stort bilete

 

 

Denne veka vart heile eigedomsarkivet til kommunen sendt til Danmark for å bli skanna og digitalisert. Eigedomsarkivet består av byggesaks- og landsbruksarkiv, og nå skal dette bli tilgjengeleg for innbyggjarane i Time.

Det er Dansk Scanning som har fått oppdraget med å skanne heile arkivet. Denne veka vart 165 esker med mapper henta og kjørt til Esbjerg i Danmark. I løpet av det neste halve året vil dei mange tusen dokumenta bli skanna og gjort tilgjengeleg digitalt for saksbehandlarane i kommunen. Etterkvart skal det også bli tilgjengeleg for innbyggjarane.

 

Prosjeket vil vera ferdig tidleg på hausten 2018, og eigedomsarkivet vil då bli sendt til Interkommunalt arkiv i Rogaland for oppbevaring.

Tomme hyller der eigedomsarkivet har vore i mange år.  - Klikk for stort bileteTomme hyller der eigedomsarkivet har vore i mange år. Jane Hadland Det blei mørkt før alle eskene var på plass i lastebilen.  - Klikk for stort bileteDet blei mørkt før alle eskene var på plass i lastebilen. Jane Hadland

 

Publisert av Odd Ivar Nese. Ansvarleg Olga Mauland. Sist endra 06.12.2017
Fann du det du leita etter?