Tusen takk for ein flott ny skule, ordførar

 Elevane takka ordføraren for den nye flotte Bryne ungdomsskule då han vart opna fredag. 

Elevane takkar for ny skule  - Klikk for stort bileteElevane takkar for ny skule

Då ordføraren skulle opna den nye Bryne ungdomsskule var elevane klare til å takka for den flotte skulen dei har fått.   Skulen er utvida med tilbygg som skal vera undervisningsrom for 180 elevar, dei som går på 10. trinn.  I tillegg er det arbeidsplass for 18 lærarar og administrasjonen.  Ei flott elevkantine og personalrom er det også plass til i tilbygget. 


Ordføraren opna skulen og tenkte tilbake til då han var av dei første elevane som gjekk på den dengongen nybygde Time ungdomsskule som 8. klassing. Forandringane frå då til nå er kjempestore.  Under opninga klypte han den raude snora og sparka ut ein fotball som symbol på gåva til skulen, ballar av fleire slag til mange slags aktivitetar. 


Rektor Elsa Djuve Jerstad fortalte om tolmodige elevar og lærarar under heile byggeperioden.  Det har vore banking og dunking, verktøy og utstyr alle stader.  Elevane har takla dette eksemplarisk.  Nå har alle tre trinna kvar sin fløy som arbeidsstad på skulen.  


Uteområdet er opprusta.  Dette har kosta omlag fem millionar kroner av eit totalt kostnadsramme på 68,2 millionar kroner.  I tillegg til dette er 12 millionar brukt til å oppgradera og utbetra eksisterande bygg.  I tillegg har VA-anlegg på Geidahodnet og området rundt vorte rehabilitert for 12 millionar kroner. 


I tllegg til byggeprosjektet er det også eit kunstprosjekt.  Dette er todelt og vert ferdigstilt i desember. 

Den 5. september skal det vera open dag kl. 17.00-19.00 for å visa den nye skulen til alle som ønskjer å koma å sjå. 

 
Alle samla seg ut før opninga  - Klikk for stort bileteAlle samla seg ut før opninga Kake til alle opningsdagen  - Klikk for stort bileteKake til alle opningsdagen Utsikt frå eit klasserom  - Klikk for stort bileteUtsikt frå eit klasserom Synnøve Obrestad Skrettingland
Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 01.09.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering