Trekning ti turar i Time 2018

Ordførar Reinert Kverneland trakk ut to heldige vinnarar av Ti turar 2018. - Klikk for stort bilete

Ordførar Reinert Kverneland har trekt to heldige vinnarar blant dei som har gått alle ti turane i 2018.

 

Dei heldige vinnarane av to gavekort er:

 

Marianne H Sunde og Gustav Gudmestad. Premien er eit gavekort verdi kr 1000,-

 

Folkehelsekoordinator Anne Reidun Garpestad fortel at turopplegget er populært blant innbyggjarane i Time:

 

 - I år vart det levert inn 406 turkort, dette er over 100 stk fleire enn i fjor. Dei aller fleste som har levert inn kort har gått alle turane, og det har vore mange barnefamiliar ute på tur. Me har fått mange mange gode tilbakemeldingar på turopplegget, og satsar på eit liknande opplegg i 2019.

 

Meir informasjon om Ti turar i Time finn du her:
Ti turar i Time 2018
 

Publisert av Odd Ivar Nese. Ansvarleg Anne Reidun Garpestad. Sist endra 12.11.2018
Fann du det du leita etter?