Time kommune vant IA-prisen 2018

Time kommune vant IA-prisen Rogaland 2018 - Klikk for stort bilete Hanne Thu-Kure

 

Time kommune stakk av med seieren då NAV Arbeidslivssenter Rogaland delte ut årets pris for inkluderande arbeidsliv.

 

IA-prisen (Inkluderande arbeidsliv) for 2018 vart delt ut på IA-konferansen 1. november. Organisasjonssjef Odd Magne Amdahl tok i mot prisen på vegne av Time kommune saman med hovudtillitsvalde. Time kommune fekk prisen for sitt langsiktige og systematiske IA-arbeid.

 

IA-arbeid i Time kommune

Eit av måla i handlingsplan for IA-arbeidet i Time kommune er å redusera sjukefråværet til under 5,7 %.  Her er det gjort eit formidabelt arbeid der leiarar, tilsette, verneombod og tillitsvalde har jobba saman for å nå dette målet.

 

IA-prisen viser at arbeidet vårt vert lagt merke til blant eksterne aktørar me samarbeider med. Andre kommuner lar seg inspirera av, og er også interesserte i,  korleis me arbeider med sjukefråværet.  Dette gjer oss stolte og glade på vegne av medarbeidarane som gjer denne innsatsen for eit godt og inkluderande arbeidsliv og arbeidsmiljø. 

 

Kriterier for IA-prisen 2018


«IA-prisen l i 2018 skal gå til en virksomhet som kan vise til godt og systematisk arbeid der IA avtalens overordnede mål er ivaretatt.

- Å bedre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, forebygge og redusere sykefravær og hindre utstøting og frafall fra arbeidslivet.

Oppmerksomheten vil være på hvordan virksomheten har jobbet systematisk for å redusere sykefraværet og hvordan egne ansatte ivaretas på en inkluderende måte.»

               

Tidlegare vinnarar av prisen
2016 Madla Handelslag
2017 Figgjo AS

Publisert av Odd Ivar Nese. Sist endra 01.11.2018
Fann du det du leita etter?