Viste årets sjølvmelding at du må betale restskatt? Da er det smart å betale restskatten allereie nå. Det er fleire grunner til at det er lurt: Du får saka ut av verda og du slepp å betale renter.
Det reknast renter av restskatten. Rentesatsen er 0,39 %, og reknast frå 1. juli i inntektsåret og fram til betalingsfristen for restskatten året etter. For dei som får skatteoppgjer i juni blir det mest eit år med renter, for resten blir det inntil 15 1/2 månader med renter.
Dersom du ønskjer å betale inn heile eller delar av restskatten som du forventar å få, før du har fått tilsendt betalingskort frå Jæren kemnerkontor, er det fullt mogleg. Betal til eitt av disse kontonummera:
Hå 6345.06.11192
Klepp 6345.06.11206
Time 6345.06.11214
Gjesdal 6345.06.11222
Du må bruke KID når du betaler. Du kan sjølv hente KID-nummer på Skatteetaten sine nettsider.
Betaler du frå utlandet?
Vår bank er: Nordea Bank Norge ASA, Postboks 1166 sentrum, N-0107 OSLO, Norway
IBAN kode: NO21 6345 0611 214
BIC / SWIFT-kode: NDEANOKK