Skatteoppgjer

Skatteoppgjeret for dei fleste privatpersonane er klart i siste halvdel av juni. Deretter er det løpande oppgjer fram til i midten av oktober.

Dei som leverte sjølvmeldinga på papir, vil ikkje få oppgjeret før tidlegast i august. Sjølvstendig næringsdrivande som leverer sjølvmeldinga elektronisk, vil få oppgjeret i august dersom der ikkje er spesielle forhold. .Selskap vil få oppgjeret i oktober.

Hugs at dersom du skylder andre offentlege etatar pengar, kan dette bli motrekna i skattepengane du har tilgode.

Dersom du får restskatt over kr 1 000, vil den automatisk bli delt opp i to forfall. Blir den ikkje betalt til forfall, løper forseinkingsrenter, som for tida er 8,5 % p.a.. Det vil også bli sett i gang innkrevjingstiltak, noko som automatisk medfører betalingsmerknad.  

Publisert av Helene Gåsland. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 03.02.2017
Fann du det du leita etter?