Skattetrekk

Skattetrekk er samlebegrep for forskotstrekk, utleggstrekk (påleggstrekk) og kjeldeskatt. Her er dei generelle reglane for forskotstrekk og utleggstrekk omtalt.

Arbeidsgivar sine plikter og ansvar

 

Trekkplikt

 

Arbeidsgivar si plikt til å føreta forskotstrekk er fastsett i lov av 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkrevjing av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingslova) §§ 5-4 (1) og 5-6. Trekkplikta omfattar alle ytingar som etter gjeldande reglar er gjenstand for forskotstrekk, også godtgjersler i heilt kortvarige arbeidsforhold. Det er ikkje noko krav om at det skal vera eit tilsettingsforhold. Arbeidsgivarbegrepet i skattebetalingslova omfattar følgjeleg fleire enn det vi vanlegvis forstår med begrepet i dagleg tale. Den som er pliktig til å føreta forskotstrekk eller utleggstrekk er arbeidsgivar.

 

Har skatteoppkrevjaren lagt ned utleggstrekk pliktar arbeidsgivar å føreta utleggstrekk i samsvar med dei vedtaka som er gitt i trekkpålegget, sjå skattebetalingslova §§ 14-4 og 14-5 og forskrift 21. desember 2007 nr. 1766 til utfylling og gjennomføring mv. av skattebetalingslova (skattebetalingsforskriften) §§ 14-4 og 14-5.

 

Ansvar

 

Arbeidsgivar er økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for at trekk blir utført og oppgjer gitt, jf. ansvarsreglane i skattebetalingslova § 16-20.

 

Skattekort

 

Her finn du meir informasjon om korleis du trekkjer korrekt skatt.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 24.05.2017
Fann du det du leita etter?