Internasjonalt

Time kommune ønskjer å vera ein internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv kommune. 

Det betyr at me skal bruka internasjonale nettverk, møteplassar og prosjekt til å få inspirasjon og hjelp til å utvikla tenester og lokalsamfunn. Me ønskjer også å bidra til at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv har internasjonal kontakt, og til at me brukar ressursane eit stadig meir internasjonalt lokalsamfunn gir oss.

Time kommune sine vennskapsbyar er:

 

Alnwick 

 

Älmhult 

 

Kommunen har i tillegg kontakt med Villa Faraldi gjennom samarbeidet om Fritz Røed skulpturpark og Røed sitt atelier i Italia.

 

 

Time kommune arrangerer den årlege eksportdagen for bedrifter på Jæren, samarbeider med lokale bedrifter og organisasjonar om internasjonale besøk og har prosjektsamarbeid med europeiske kommunar innan ulike fagområde.

Kommunen deltek for tida i to internasjonale nettverk:

 

WHO European Healthy Cities Network

 

Norwegian Smart Care Cluster   

 

Kommunen samarbeider med Greater Stavanger, KS og Stavangerregionens Europakontor om internasjonale spørsmål og internasjonal aktivitet.

 

 

I den  internasjonale strategien   (PDF, 3 MB)finn du meir om korleis Time kommune vil møta globaliseringa og dei rammevilkåra og moglegheitene internasjonaliseringa gjev.

Publisert av Elin Wetås de Jara. Ansvarleg Elin Wetås de Jara. Sist endra 03.10.2017
Fann du det du leita etter?