Vassmålar og tilbakeslagsventil

Alle vassabonnentar i Time kommune skal  ha vassmålar og tilbakeslagsventil.

Time kommune/IVAR IKS  sender nå ut seksjonsvis krav til alle innbyggjarar om at dei som ennå ikkje har installert vassmålar og tilbakeslagsventil, må rekvirera autoriserte røyrleggjarar som kan utføra arbeidet for dei. Dei som har alt i orden etter forskrifta, må sende oss ein e-post.

Korleis vil ein vassmålar virka på gebyra?    


Etter installering av vassmålar vil dei som har eit stort hus og lite forbruk, kunna få nedgang i forbruksgebyret. Dei som har eit lite hus, vil kunna få auka i gebyret dersom dei bruker mykje vatn.

 

Korleis få tak i vassmålar?   

 
Vassmålaren må abonnentane leiga av kommunen. Abonnentane må få ein autorisert røyrleggjar til å gjera jobben. Røyrleggjaren må montera vassmålaren, fylla ut skjema (PDF, 14 kB)og senda dei ferdig utfylte til Time kommune, Postboks 38, 3449 Bryne eller scannet på e-post.

 

Røyrleggjarane kan få utlevert vassmålar på Håland, Kommunalteknikk, Bedriftsvegen 9, Bryne  kvar måndag kl. 07.30-10.00.

 

Montering   


Montering skal  utførast etter Time kommune sine Vass og avløpsavgifter (PDF, 438 kB)og rettleiar. (PDF, 455 kB)     

 

Drikkevatn er ei vare, og alle abonnentar bør betala for det dei faktisk bruker av vara. På denne måten oppnår ein ei meir rettferdig fordeling av kostnadane  for abonnentane.

 

I tørkeperiodar kan forbruket av vatn nærma seg maksimal kapasitet på vassforsyningssystemet, og kommunen må innføra vatningsrestriksjonar for å kunna oppretthalda forsyningstryggleiken.

Det er viktig å kunna forsyna alle delar av leidningsnettet med nok vatn av omsyn til abonnentane, vassforsyning ved brann og av helsemesseg tryggleik.

Erfaring frå andre område viser at vassmålar hos alle abonnentar, gjev ein betre forsyningssituasjon i tørkeperiodar og at det totale vassforbruket gjennom året går ned. Det reduserer behovet for å innføre vatningsrestriksjonar i tørkeperiodar.

 

Vassmåler avlesning
 

Time kommune sender ut skjema for å lesa av vassmålaren i byrjinga av desember kvart år.

Når du har mottatt skjemaet ønskjer me at du returnerer dette så snart som mogleg.

Dette kan du gjera  her elektronisk. Siste frist for avlesing er 31 desember.

 

Kvifor tilbakeslagsventil?                                                                    

KS Tekniske bestemmingar står det:

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp punkt 2.4.  Vassinnstallasjonar skal utførast slik at tilbakestrøyming eller inntrenging av ureine væsker, stoff eller gassar ikkje kan finna stad. Dette gjeld også for tilbakesuging eller inntrenging av vatn i frå andre vasskjelder. M.m.

 

Utrekning av gebyra for vatn og avløp

  
Utan vassmålar må abonnentane betala forbruksgebyr for vatn og avløp ved at forbruket vert stipulert ut frå arealet på bustaden, jo større arealet er desto større vert det stipulerte forbruket.

Med vassmålar betalar abonnentane for så mange liter dei reelt brukar. Forbruksgebyr på avløp vert rekna ut ved at mengde avløp er lik mengde forbruk av vatn.

I tillegg til forbruksgebyr, betalar abonnenten eit fast abonnementsgebyr for vatn og eit fast abonnementsgebyr for avløp.

 

Den 28.04.2009 vart det fatta eit vedtak i Time kommunestyre med heimel i lov av 31.05.1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3. Gyldig i frå 01.01.2010.
Vassmålar hos alle er eit godt miljø- og ressurstiltak.

 

Vassmålar - Klikk for stort bilete

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Øyvind Østbø. Sist endra 08.06.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering