Prisar og gebyr for vatn og avløp

Alle huseigarar i kommunen, som er tilknytta kommunalt nett, må betala kommunale avgifter for vatn- og avløpstenester.

 

Størrelsen på gebyra vert bestemt etter reglane i vass- og avløpsanleggslova, forureiningsforskrifter og kommunen si eiga lokale forskrift om vass- og avløpsgebyr. I tillegg bestemmer kommunen årlig størrelsen på dei lokale gebyra gjennom eigne vedtak.

Forbruket skal målast med vassmålar som alle eigarar av bustad i kommunen er pålagt å ha. Ein skal betala for vatn m3, og avløpskostnadane vert rekna utifrå mengde vatn som vert brukt på eigendommen. Dei faste årlige gebyra går til å dekka vedlikehald av kommunale vass- og avløpsanlegg.

 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Øyvind Østbø. Sist endra 15.02.2017
Fann du det du leita etter?