Olje- og feittutskiljar

Som forbrukar er det viktig å ikkje tømma olje og feitt i vasken eller i toalettet. Dersom dette skjer kan det føra til tette røyr, og kloakk kan i verste fall slå tilbake i røyra og gje oversvømming i kjellarar.

Dette gjeld både private og kommunale leidningar. Feitt og andre matrestar er også med på å halda liv i rotter i røyra i Time kommune.

 

Utslepp av avløpsvatn kan ha ei samansetning som er vanskeleg for avløpsanlegget å handtera. Det kan innehalda kjemikaliar, feitt, olje, bensin eller andre stoff som skil det frå normalt avløpsvatn. Slike avløp skal etter forskriftene og kommunen sine krav passera olje- og feittutskiljarar før det vert ført inn på det kommunale avløpsnettet. Dette for å unngå problem på avløpsnett, reinseanlegg og forhindra forureining.

Forskriftene omfattar verksemder som har påslepp av oljehaldig avløpsvatn som:

  • bensinstasjonar
  • vaskehaller for kjøretøy
  • motorverkstadar og lokala som handterer kjøretøy
  • bussterminalar
  • parkeringsanlegg

Og verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvann som:

  • Restaurantar/gatekjøkken
    • Kafear/konditori
    • Kantiner
    • Slakteri
    • Meieri

     

    Verksemder som ikkje er nemnde her, men som har påslepp av oljehaldig/feitthaldig avløpsvann, vert og omfatta av forskrifta (PDF, 849 kB).

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Øyvind Østbø. Sist endra 15.03.2017
Fann du det du leita etter?