Kommunale bustader og bufellesskap

Dei kommunale bustadene skal nyttast til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden og som treng hjelp til å skaffa seg eigna husvære for kortare eller lengre tid grunna helse- og sosiale vanskar.
Bufellesskap er bueininger med personale enten heile eller delar av døgnet.

Bustadene er delt inn i 2 kategoriar:

  • Utleigebustader som vert utleigd for eit avgrensa tidsrom - gjerne tre år.
  • Bufellesskap med personale heile eller delar av døgnet.


Vilkår for tildeling av kommunal bustad:

  • Vera sosialt vanskelegstilt utan økonomisk evne til sjølv å kjøpa eller leiga eigna husvære.
  • Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne.
  • 1. gongs etablering av flyktningar som skal busetjast i kommunen i tråd med vedtak. 
  • Ha manglande evne til sjølv å skaffa seg eigna husvære.
     

Bustadene vert tildelt av eit kommunalt bustadutval som har møte ein gong i månaden. Søknadsskjema ligg i menyen til høgre. Det er eigenbetaling for kommunale bustader og bufellesskap (PDF, 225 kB). Opplysningar kan ein få ved å venda seg til servicetorget på rådhuset eller på tlf. 51776000. Her kan ein og søkje om bustønad i Husbanken.
 

Mellombels butilbod
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg tak over hovudet på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels butilbod til deg. Opplysningar om dette kan ein få ved å venda seg til NAV.

Ansvarleg Sveinung Riska. Sist endra 31.08.2018
Fann du det du leita etter?