Startlån

Startlån er ei låneordning for å gjera det mogleg for innbyggarane i Time kommune å kjøpa eigen bustad.

Startlån er ei behovsprøvd låneordning som skal medverka til at husstandar med svak økonomi skal kunne skaffa seg ein nøktern og eigna bustad. Dette er t.d. varig lavt lønna husstandar, einslege forsørgjarar, flyktningar og funksjonshemma,- her finn du retningsliner for startlån. (PDF, 100 kB)

 

Føresetnaden for å få lån er at:

- Du har behov for bustadetablering eller skifte av bustad nå, det vil seia at busituasjonen din i dag ikkje er tilfredsstillende.
- Bustaden du kjøper er nøktern i forhold til kor mange som skal bu i bustaden, og er rimeleg i forhold til prisnivået på staden der du bur.
- Bustaden ikkje er dyrare enn at du over tid kan greia å betena bustadutgiftene og framleis ha nødvendige midlar til livsopphald.
- Du har problem med å få lån i den private kredittmarknaden, eller er avhengig av rimelegare lånevilkår enn du elles kan oppnå.


Dokumentasjon som skal følgja søknaden:

1) Dokumentasjon frå bank på grunnfinansiering med finansieringsplan og månadsbudsjett.
2) Sjølvmelding frå siste året.
3) Lønnsslipp eller trygdeutbetaling for dei 2 siste månadane.
4) Kopi av legitimasjon.
5) Dokumentasjon på anna inntekt eller trygd dersom du har slik inntekt (t.d. barnetrygd, barnebidrag, bustønad).

Søknaden skal sendast til: Time kommune, PB 38, 4349 BRYNE.


Krav og avgrensing:

Det er krav til 5% i eigenkapital for førstegongsetablerarar. I tillegg må søkjar dekkja omkostningar. 
Øvre brutto inntekstramme for par er 700.000 kr/år, og for einslege 475.000 kr/år.

Det gis som hovuregel 15% i startlån som topplån etter 80% grunnlån i bank. I spesielle tilfelle kan det gis meir i startlån. 

Time kommune brukar desse rammene som leiande retningsliner for kjøp av sjølveigarbustad:

 

Tal på personar

Maks kjøpesum for sjølveigarbustad

1 person

2.200.000,-

2 personar

2.400.000,-

2 vaksne + 1 barn

2.500.000,-

2 vaksne + 2 barn

2.600.000,-

2 vaksne + 3 barn

2.700.000,-

 

Det er andre reglar for kjøp av bustad i Bustadbyggjelag (BBL). Desse søknadane vert behandla individuelt. Det er eit krav at bustadbyggjelaget er medlem av Sikringsfondet.

Desse krava og avgrensingane er hovudregelen, men kan avvikast i særlege tilfelle.




For spesielt vanskeleg stilte kan det søkast om bustadtilskot. 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Aud Steinsland. Sist endra 13.11.2017
Fann du det du leita etter?
Kommunale tenestestandardar (1)
Søknadsskjema (1)
Veiviseren nettportal (1)
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering