Nedgravne avfallsanlegg

Time kommune ønskjer størst mogleg tilknyting av nye bustader til nedgravne avfallsanlegg, og kan av den grunn pålegge utbyggar å etablere slike system (§9, Avfallsforskrift for Time kommune). Utbyggar kostar investeringa av anlegget sjølv. Etter ferdigstilling overtek Time kommune drifta og vedlikehaldet av anlegget. Anlegget skal vera i samsvar med retningslinene og regelverket for etablering av nedgravne avfallsanlegg (sjå underbakken.no). Same regelverket gjeld i alle kommunane som er med i samarbeidet om nedgravne avfallsanlegg, men Time kommune har si eiga Kommunaltekniske avfallsnorm (PDF, 4 MB) som du må sjekke.

 

Dersom kapasiteten i anlegget er stor nok, kan kommunen etter overtaking av eigedomsretten, gje andre abonnentar i området/nabolag/kvartal høve til å bruka anlegget utan vederlag til utbyggjar. Dette gjeld uavhengig av eigedomsretten til grunnen der anlegget er plassert.

 

Allereie etablerte bustadfelt/burettslag/sameige som ønskjer å etablere eit nedgrave avfallsanlegg må ta kontakt med renovasjonsansvarleg i Time kommune for å få meir informasjon om kva som er mogleg og kva rettar som gjeld.

 

Skal du etablere eit nedgrave avfallsanlegg, finn du det meste av informasjonen du treng til planarbeid, detaljar og gjennomføring på underbakken.no.

 

Ta kontakt dersom du lurer på noko. Alle utbyggingsplanar er ulike, og topografi og plassering varierer mykje. Dette krev godt gjennomtenkte planar for korleis folk skal bruke anlegget, korleis renovasjonsbilen skal stå når han tømmer anlegget, at det er nok plass, stigningsforhold, universell utforming, trafikktryggleik, utforminga rundt slik at vatn ikkje renn oppi containerane, at det ikkje må heisast over fortau/sykkelsti osv. Alt dette, og meir til som står i retningslina og norma, må teiknast inn i planane.


 

 

Publisert av Lene Dalsegg. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 02.03.2018
Fann du det du leita etter?