Næringsavfall

Alle som driv næring av eit aller anna slag, er pliktige til å ha ei renovasjonsordning


Næringsdrivande kan bestille eiga renovasjonsordning gjennom eit eigna privat renovasjonsselskap. Slike selskap har godkjenning for å henta og å levera alle avfallstypar på korrekt måte. Det finst fleire aktørar i Rogaland. Dei aller fleste vil kunne gi gode råd om kjeldesortering, handtering av avfallet og om kva som vil løne seg for di verksemd.

 

Dersom avfallet av type, samansetning og mengd liknar på hushaldsavfall, kan det bestillast renovasjonsabonnement gjennom Time kommune. Reglar om sortering og henting, må då følgjast som for vanlege hushaldsabonnentar.
 

Avfallsforum Rogaland



 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 27.02.2017
Fann du det du leita etter?