Matavfallsposar og plastsekker

Me har fått nye matavfallsposar. Du kan lesa meir om dei nye posane på www.ivar.no/gigass

Korleis få tak i matavfallspose og plastsekker:
 

Plastsekker – heng ein plastsekk, eller skriv ein lapp på ein av dunkane dine.  

Matavfallsposar – heng ein matavfallspose eller skriv ein lapp på ein av dunkane dine.


Andre avfallsordningar

Nedgravde anlegg, felles søppelrom eller felles avfallsdunkar (660 L) vil få utdelt sekker og matavfallsposar i desember kvart år. Det er også mogleg å henta nye posar og sekker på Servicetorget på Rådhuset. Desse kan hentast utan ekstra kostnad.

 

Ekstrasekker

Kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk kan du kjøpa på Rådhuset (servicetorget). Merka kostar kr. 40,- per stykk, og kan nyttast for alle avfallsfraksjonar. Ekstrasekken skal setjast saman med rett type avfallsdunk (papir ved papir, restavfall ved restavfall).

 

Det er renovatøren som deler ut matavfallsposar og plastsekker for plastemballasje. Det er vanleg for ein husstand og bruka omlag 1-2 rullar med plastsekker i året, og 2-4 rullar med matavfallsposar i året.

 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 26.01.2018
Fann du det du leita etter?