Hushaldsavfall

Alt hushaldsavfall bør kjeldesorterast før det blir kasta. Papir og papp, plastemballasje og restavfall blir henta kvar 4. veke. Matavfall blir henta kvar 2. veke. Kva tid avfallet blir henta, finn du i tømekalenderen
 

Eit basisabonnement kostar i dag kr 2590,-. Dersom du er tilknytt nedgravd avfallsanlegg, er avfallsgebyret kr 2430,-.

 

Eit standard avfallsabonnement der avfallsdunkane blir henta heime hjå deg består av:

  • Matavfall/organisk avfall:  140 L
  • Papir og papp: 240 L
  • Plastemballasje: plastsekk
  • Restavfall: 120 L

 

Ønskjer du meir volum, av det eine eller andre slaget, vil gebyret auke.

 

Bleiedunk
 

Bleiedunken skal kun benyttes så lenge du har bleiebarn. Når bleieperioden er over, kan du bestille henting av bleiedunken i dette elektroniske skjemaet.
 

 

Anna avfall

 

Glas- og metallemballasje skal leverast på miljøstasjonar som står på sentrale stader i heile kommunene. Farleg avfall, elektrisk- og elektronisk avfall, grovavfall, trevirke, gips, isopor osv. skal leverast til ein av gjenvinningsstasjonane på Sele eller Forus. Elektrisk- og elektronisk avfall samt batteri, kan også leverast til næraste butikk som sel elektriske produkt. Servicetorget deler ut eigne batteriesker som du kan samle batteria i heime. Grovavfall er møblar og større gjenastandar som ikkje får plass i avfallsdunken. Dette kan leverast på gjenvinningsstasjonane, eller du kan bestille henting på hentavfall.no

 



 

Publisert av Lene Dalsegg. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 27.09.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering