Matavfallsposar og plastsekker

Det er renovatøren som deler ut matavfallsposar og plastsekker for plastemballasje. Det er vanleg for ein husstand og bruka omlag 1-2 rullar med plastsekker i året, og 2-4 rullar med matavfallsposar i året. Posar og sekker får du på følgjande måte:



Matavfallspose: knyt på ein matavfallspose på hanken på avfallsdunken din, og renovatøren vil leggja ein pakning med to rullar på dunken din. Har du ikkje sekker igjen, så heng på ein lapp om at du ønskjer fleire sekker.
 

Plastsekker: knyt ein plastsekk fast på hanken på dunken for restavfall, bioavfall eller plast, og renovatøren vil leggja av ein ny rull til deg. Har du ikkje sekker igjen, så heng på ein lapp om at du ønskjer fleire sekker.

Andre avfallsordningar:

Nedgravde anlegg, felles søppelrom eller felles avfallsdunkar (660 L) vil få utdelt sekker og matavfallsposar i desember kvart år. Det er også mogleg å henta nye posar og sekker på Servicetorget på Rådhuset. Desse kan hentast utan ekstra kostnad.

 

Ekstrasekker

Kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk kan du kjøpa på Rådhuset (servicetorget). Merka kostar kr. 40,- per stykk, og kan nyttast for alle avfallsfraksjonar. Ekstrasekken skal setjast saman med rett type avfallsdunk (papir ved papir, restavfall ved restavfall).


 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 06.09.2017
Fann du det du leita etter?