Fotland Mølle

Fotland Mølle - Klikk for stort bilete

Fotland mølle (1845) ligg idyllisk til ved Fotlandsfossen i eit rikt naturmiljø. Området har i uminnelege tider vore knytt til kvern- og mølledrift. I dag vert dei restaurerte bygga mellom anna nytta til kunstutstillingar.

Fotland Mølle - Klikk for stort bilete Opningstider
Sommarope kvar dag frå 1. juli til 12. august kl. 12 - 17.
Elles ope sundagar og heilagdagar kl.12 - 16 frå palmesundag til desember. Stengt i vintersesongen.

 

Enkel servering. Tursti. Sal av kvalitetsbrukskunst i Torvhuset. Restaurert kvernhus nedanfor mølla.

 

Inngang
30 kr, alle under 18 år går gratis.

 

Utstillingar

I mølla kan du sjå den faste utstillinga "Korn gav liv" om kornet si historie. Du får også sjå ein video frå mølledrifta på 60-talet. 

 

Gjennom sesongen frå påske og ut november er det vekslande kunstutstillingar.

 

Utstillingsprogram sesongen 2018:

 

Følg gjerne Fotland mølle si side på Facebook for oppdateringar og bilde frå utstillingane: facebook.com/fotlandmoelle

 

Besøk og formidling utanom fast opningstid
Kontakt Time kommune, postmottak@time.kommune.no / tlf. 51 77 60 00

 

Utleige
Fotland mølle kan leigast i utstillingssesongen, men ikkje sundagar og heilagdagar når mølla er open for publikum i samband med utstillingar. Last ned prisliste og kontaktinformasjon (PDF, 80 kB).

 

Her finn du Fotland mølle

Fotland mølle ligg ved Fotlandsfossen (gmn. Forsland - landet ved fossen), i krysset mellom Timevegen og Fossevegen, ca. 6 km frå Bryne.

Publisert av Ingve Lende. Sist endra 03.07.2018
Fann du det du leita etter?