Fritz Røed skulpturpark

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna midt i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004.

Skulpturane Gjøglarfamilien - Klikk for stort bilete Parken inneheld 10 skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for eigne meinigar og tolkingar.

Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag.

Brosjyre om parken får du i Servicetorget på Time rådhus, kor du og kan få kjøpt postkort og plakatar med bilete frå parken.

 

Lita søndagsprinsesse - Klikk for stort bilete Fanfare – kentaurspranget - Klikk for stort bilete Skulpturen Klovn av Fritz Røed 2004 - Klikk for stort bilete

Publisert av Reidunn Øglænd. Sist endra 12.09.2016
Fann du det du leita etter?