Tilrettelagde kultur- og fritidsaktivitetar

Her finn du oversikt over tilrettelagde kultur- og fritidstilbod i Time kommune og omegn.

 

Aktivitetstilbod hausten 2018

I denne oversikten er det sett inn symbol på kva målgruppe dei ulike aktivitetane hovudsakleg er retta mot. Merk at nokre tilbod rettar seg mot fleire grupper.



Teiknforklaring:
* = for personar med utviklingshemming
@ = personar med nedsett funksjonsevne
# = psykisk helse
 

Humla fritidsklubb *
Tid: Måndagar i partalsveker kl. 18 –20.30 (partalsveker)
Oppstart måndag 20. august.
Stad: Sivdamsenteret, Bryne
Open sosial møteplass for vaksne over 16 år
Kontakt: Ingve Lende mob. 41220526


Unikt teater *
Tid: Måndagar kl. 18 - 20 (oddetalsveker)
Stad: Klepp ungdomsskule
Gruppe som driv med dans, musikk og drama. For tida fullt. Ta kontakt for å stå venteliste.
Kontakt og påmelding: Ingve Lende mob. 41220526.


Bowling *
Tid:
Onsdagar kl. 18.30 (22/8, 19/9, 17/10, 14/11 og 12/12)
Fredagar kl. 18.30 (25/8, 14/9, 19/10, 16/11 og 7/12)
Stad: Stadion bowling Bryne
Bowlinggruppe for unge frå og med 16 år. 79 kr kvelden for to omgangar. Evt. mat og reise kjem i tillegg.
Kontakt og påmelding:
Ingve Lende, mob. 41220526.


Bankers *
Tid: Måndagar kl. 16.45 – 18.00
Stad: Bryne skule
Band/musikkgruppe for vaksne. Les meir om tilbodet på nettsida til Time kulturskule.
Kontakt og påmelding: Astrid Fjeld, Time kulturskule, mob. 48293505.


Regnbuen *
Tid: Onsdag ettermiddag
Stad: Bryne skule
Musisk gruppe for barn frå 3. trinn og oppover. Les meir om tilbodet på nettsida til Time kulturskule.
Kontakt og påmelding: Time kulturskule v/Astrid Fjeld mob. 48293505


Golf Grønn Glede @ * #
Tysdagar og torsdagar kl. 12 – 15 (vaksne)
Torsdagar kl. 17 – 18 (barn/ungdom)
Stad: Jæren golfklubb, Grødem
Les meir om tilbodet på nettsida til Jæren golfklubb.
Kontakt: Jæren golfklubb v/Karl Gundersen mob. 90091993


Bading for alle * @ #
Tid: Torsdagar kl. 18.00 - 19.30
Stad: Sivdambassenget, Bryne
Bukarar av bading for alle tilbodet må melda seg på i forkant. Bruk påmeldingsskjema.
Kontakt og påmelding:
Ingve Lende, mob. 41220526


Handball * @
Tid: Onsdagar kl. 18.30
Stad: Brynehallen
Ope tilbod for alle, bare møt opp.
Kontakt: Bryne håndball v/Merete Bjerkevoll mob. 91184845


Sundagstreff *
Tid: Sundagar kl. 18.00, 9/9, 4/11 og 2/12. Hausttakkefest i St. Petri kirke 2. oktober (krev påmelding)
Stad: Peisestova, Bryne kyrkje
Song, ringleik, drøs, mat og gudsteneste. Les meir om tilbodet på nettsida til Bryne kyrkje.
Kontakt:  Bryne kyrkje, tel. 51770377.


Onsdagskafe *
Tid: 19.00 - 20.30, siste onsdag i partallsveker kvar månad
Stad: Zion, Bryne
Kontakt: Zion Bryne v/Ingrid Tøtlandsmoen mob. 90894093


Svendsenhuset #
Aktivitetar for menneske med psykiske vanskar. Gruppetilbod på kveldstid. Les meir om tilbodet på Svendsenhuset her.


Tilbod i andre kommunar

Kulturkafé *
Tid: Kvar torsdag og ein måndag i månaden kl. 18.30 – 20.30
Stad: Hå kulturtorg, Nærbø
Kafé for vaksne med kulturinnslag og matsal.
Kontakt: Per Henry Runde, Hå kommune, phr@ha.kommune.no / tel. 51793530


Kafé Biå *
Tid: Måndagar i partalsveker kl. 18 – 20. Oppstart 3. september.
Stad: Ganddal bydelshus
Sosiale kafekveldar for menneske med utviklingshemming over 18 år. Les meir om tilbodet på nettsida til Sandnes kommune.
Kontakt: Teaterverkstedet Gandal mob. 99328321


Mandagsklubben *
Tid: Måndagar i oddetalsveker kl. 18 – 20
Stad: Langgata 54, Sandnes
Bingo, dans, spel og open kafé. Frå 14 år. Les meir om tilbodet på nettsida til Sandnes kommune.
Kontakt: Inger Nevland, Sandnes kommune, tlf 51 33 75 54/ 975 14 227


Røde Kors-klubben *
Tid: Onsdagar i oddetalsveker kl. 18.30 – 20.30
Stad: Roald Amundsensgt. 20, Sandnes
Tilbod til vaksne over 16 år. Les meir om tilbodet på nettsida til Sandnes kommune
Kontakt: Marianne Seim Haaland, 40853927


Folkedans * @
Tid: Torsdag kl.18.00 – 19.30
Stad: Fredheimloftet, Klepp
Kontakt: Else Håvik, Klepp kommune, else.havik@klepp.kommune.no, tel. 51429867


Kjelkehockey * @
Tid: Sundag kl. 18.00
Stad: Ishallen i Nye Loen, Nærbø
Møt tidleg for klargjering. Utstyr kan lånast/leigast. Passar også for rullestol.
Kontakt: Nærbø IL, post@narboil.no, tel. 51791150


Fotball *
Tid: Tysdag 18.30 – 20.00
Stad: Hana, Øygard kunstgrasbane
Les meir om tilbodet på nnettsida til Hana IL
Kontakt: Hana IL, Tone Stene Fredsvik, mob. 93634489, tone.fredsvik@lyse.net


Handball * @
Tid: Fredag kl. 16.30 – 17.30
Stad: Klepphallen
Les meir om tilbodet på nettsida til Klepp IL
Kontakt: Astri Voll, Klepp IL, mob. 91554746, astri.voll@gmail.com

 

 

logo.png - Klikk for stort bilete

Friluftsliv tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne
DNT Tilrettelagt er Den norske turistforening sine tilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Stavanger turistforening arrangerer ulike typar turar og aktivitetar og arbeidar for at fleire av deira stora arrangement skal vera tilgjengelege for flest mogleg.

DNT Tilrettelagt har to typar aktivitetstilbod. Sjekk nettsidene deira for meir informasjon om dei ulike tilboda:

KLART DET GÅR - aktivitetar tilrettelagt for folk med nedsett fysisk funksjonsevne.
Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma (FTU)

 

Teiknforklaring:
* = for personar med utviklingshemming
@ = personar med nedsett funksjonsevne
# = psykisk helse
 

KONTAKT OG PÅMELDING

For informasjon om dei ulike aktivitetane, kontakt:
Ingve Lende
Kultur- og fritidsrådgjevar
Tlf. 51 77 61 65, mobil: 41 22 05 26
E-post: ingve.lende@time.kommune.no

Publisert av Ingve Lende. Ansvarleg Stian Langeland. Sist endra 23.08.2018
Fann du det du leita etter?