Kultur- og fritidsaktivitetar for seniorar

I Sivdamsenteret på Bryne tilbyr velferdssenteret eit variert tilbod aktivitetar, og kafeen i senteret held ope alle kvardagar.

 

Sivdammen velferdssenter

Velferdssenteret har faste lokale i Sivdamsenteret. Målgruppa er primært pensjonistar, men andre må gjerne nytta senteret. Senteret har tilbod om trim, fast aktivitetsdag, turgruppe, faste informasjons- og temadagar, bingo, underhaldning m.m. Her er programbrosjyre for våren 2016.

Lokala til Velferdssenteret kan leigast ut til interesserte lag og foreiningar på kveldstid og i helgane.

 

Den kulturelle spaserstokken

Gjennom den kulturelle spaserstokken tilbyr Time kommune med jamne mellomrom ulike kulturarrangement i Bryneheimen, Sivdamheimen, Kvernaland omsorgssenter og Sivdammen velferdssenter. Programmet vert annonsert i institusjonane og i programbrosjyra for Sivdammen velferdssenter


 

For informasjon og spørsmål, ta kontakt med fagleiar Tone Lise Vaule. Tlf. 51 77 61 68. E-post: tone.lise.vaule@time.kommune.no

Publisert av Karianne Sørbø. Ansvarleg Stian Langeland. Sist endra 03.05.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering