Synskontakt

I Time kommune er det etablert synskontakt i samarbeid med Hjelpemiddelsentralen i Rogaland. Tilbodet gjeld alle aldersgrupper.

Nedsett syn? - Klikk for stort bilete

Synskontakten kan hjelpa med:

  • råd og rettleiing til samarbeidspartnarar i kommunen
  • kartleggja behov i brukaren sitt nærmiljø
  • auka bevisstheten hos brukar om eigne ressursar
  • tilvisa til rett fagperson 
  • tett samarbeid med hjelpemiddelsentralen i Rogaland og lokale fagpersonar som optikar, augelege, vaksenopplæring og andre
  • utprøving av enkelte synshjelpemiddel
  • hjelp med søknadsprosessen
  • opplæring i bruk av hjelpemiddel
  • følgja opp ved heimebesøk
  • samarbeid med brukarorganisasjonar

 

Du kan ta kontakt med servicetorget i kommunen som vil formidla beskjed vidare. 

Servicetorget har tlf. 51 77 60 00.
Ekspedisjonstida er måndag - fredag kl. 09:00 - 15.00.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Heidi Garborg. Sist endra 16.07.2018
Fann du det du leita etter?