Praktisk hjelp heime

Praktisk hjelp heime er eit tilbod til deg som grunna nedsett helse er heilt avhengig av praktisk hjelp for å greie dine daglege gjeremål, kunne leve og bu sjølvstendig.

Bilde av ein steingard - Klikk for stort bilete

Du kan få hjelp til dei naudsynte oppgåvene som du sjølv ikkje klarer å gjere. Tenesta kan omfatta reingjering av rom som du bruker i det daglege.

Det er vanleg å innvilga inntil 1,5 timar hjelp kvar tredje veke. Det er eigenbetaling for denne tenesta (PDF, 225 kB).

I tillegg til dei kommunalt tilsette heimehjelparane er det mogleg å velja privat leverandør; Hjemmeomsorg A/S.

Det er ingen søknadsfrist for å søkja om praktisk hjelp heime. Du kan ta kontakt med kommunen enten ved å søkja på søknadsskjemaet, via e-post eller på telefon til servicesenteret tlf. 51 77 60 00.

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?