Matombringing for heimebuande

Matombringing er ei teneste til heimebuande som på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne, alder eller anna, treng middag levert heim.

Ordninga går ut på å levere middag på døra 2 gonger i veka - tysdag og fredag. Talet på porsjonar er valfritt, og du kan velja frå ein meny.
Middagen vert levert i ferdige porsjonar, men må varmast opp. Det vert derfor tilrådd å ha tilgang til mikrobølgeomn.

Middagen må oppbevarast i kjøleskap i 0-4 grader og behandlast som ferskvarer elles. Den skal varmast opp i 3-4 min rett før bruk.

Tenesta vert tildelt med vedtak etter kommunen sine retningslinjer og dei vilkåra som gjeld for denne tenesta.

Forhold som det vert lagt vekt på er om søkjaren sjølv - eller ved hjelp av pårørande - er i stand til:

•   å handla middagsmat.
•   å tilbereda denne på ein tilfredsstillande måte.
•   å setje saman eit sunt og variert kosthald.  

Alle som er over 70 år kan få tildelt tenesta i kraft av sin alder. Det er eigenbetaling for denne tenesta (PDF, 221 kB).

Søknadsskjema (PDF, 260 kB) som må fylles ut og sendast til Time kommune, P.B. 38, 4349 Bryne.

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen. Sist endra 09.06.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering