Frisklivssentralen i Time

Frisklivssentralen er ei kommunal helse- og omsorgsteneste med tilbod om hjelp til å endra levevaner, primært innan områda fysisk aktivitet, kosthald, søvn og tobakk. Du kan få oppfølging både individuelt og i gruppe.

Nærbilde av joggeskoene til ein som løper - Klikk for stort bilete Er dette noko for meg?
 

Frisklivssentralen har eit tilbod til personar over 18 år. Frisklivssentralen gjer strukturert oppfølging, primært gjennom individuell helsesamtale og ulike gruppetilbod innann dei nemnde levevaneområda. Målgruppa er personar som har behov for støtte til å endra livsstil på grunn av auka risiko for, eller begynnande utvikling av sjukdom eller liding som kan relaterast til livsstil. Frisklivssentralen har fokus på helsefremjannde faktorar og meistring av eiga helse.

 

Vårt motto: "Små steg - stor endring"

 

Små kloke val på sikt gjev endring og ikkje minst helsegevinst for deg som deltakar. Me har fagkunnskap om fysisk aktivitet, kosthald, røykeslutt, søvn  samt endringsprosessar. 

Frisklivssentralen tilbyr hjelp og rettleiing slik at du sjølv finn ut kva som er viktig for deg og realistisk å få til i eigen kvardag. 

 

Illustrasjonsbilete friskliv mat - Klikk for stort bilete

Tilbod på Frisklivssentralen:
 

 

Ein kan sjølv ta kontakt med frisklivssentralen, eller bli henvist av fastlege, fysioterapeut, NAV m.fl.


Ta gjerne kontakt for en uforpliktande samtale med oss.

 


For meir informasjon og datoer for aktuelle kurs

 




Kontaktinformasjon:

Ønskjer du ein helsesamtale, ta kontakt med frisklivsrettleiarane i Time kommune:

 

Gunhild F. Oftedal, tel:  51 77 63 19/ mob. 411 06 242. 

Ingrid Edland, tel: 51 77 83 32/ mob. 477 58 281.



 Kontakt oss på e-post


Henvisningsskjema

 


Følg oss på facebook.

 


Frisklivssentralen i Time samarbeider tett med Frisklivssentralane i Gjesdal, Klepp og Hå. Her kan du gå inn på våre felles nettside.

Den individuelle oppfølginga får du i heimkommunen din. Gruppetilboda kan du bruka i alle fire kommunane.

 

 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Gunhild Flatin Oftedal. Sist endra 10.01.2018
Fann du det du leita etter?
Andre tilbod (2)
Idrettslag (1)
Utetrening (1)