Dagsenter og aktivitetstenester

Det er fleire dagsenter i Time kommune. Målet med dagsenter er å gje heimebuande eldre, funksjonshemma og personar med psykiske vanskar eit meiningsfylt dagtilbod. Dagsentertilbodet er eit førebyggjande tiltak for at brukarane skal kunne bu heime.

Bilde av Svendsenhuset - Klikk for stort bilete Bilde inne frå Vibå dagsenter - Klikk for stort bilete Bilde av Sivdamsenteret - Klikk for stort bilete Bilde frå åpningen av Bryne Dagsenter - Klikk for stort bilete

Bryne dagsenter ligg i Sivdamsenteret, Røyrvika 10. Dagsenteret er eit tilbodtil voksne menneske med fysisk funksjonshemming eller redusert kognitiv funksjon.
Måletsetting:
Dagsenteret skal gje brukarane eit stimulerande og meiningsfylt dagtilbod i saman med andre.
Kvar einskild brukar skal møtast med respekt, og aktivitetar skal vere tilpassa brukaren ut i frå brukaren sine interesser, ressursar og ha fokus på meistring.

Kontaktperson:
Dagleg koordinator: Anne Vold Jensen Anne.Vold.Jensen@time.kommune.no

Dagsenter for eldre er på Kvernaland i det nye omsorgssenteret. Det har oppe kvar dag, måndag til fredag. Dette er for eldre som bur heime som treng å kome seg ut for å treffe andre.  Der får ein servert frukost, middag og kaffimat. Det er mange ulike aktivitetar ein kan vere med på, til dømes bingo, lesegruppe, trim og turgruppe. Ein må søkja for å få plass her, og brukarane blir henta heime og køyrt heim etterpå.


Svendsenhuset er eit aktivitetssenter og ope hus for brukarar med psykiske vanskar. Senteret er for brukarar i alderen 18 til 70 år. Her ønskjer ein å skape eit miljø der den einskilde skal kunne vere saman med andre, styrkje det sosiale nettverket og delta i meiningsfulle aktivitetar i og utanfor huset. Sjå eiga lenke for meir opplysningar om aktivitetar, opningstider og program for kvar månad.

Besøksadresse  til Svensenhuset er Hulda Garborgsveg 7

Vibå dagsenter ligg i Sivdamheimen og gir aktiviseringstilbod til personar som har diagnosen demens. Vibå har 10 plasser. Senteret er ein stad der ein kan vere i lag med andre som har det like eins.På dagsenteret ønskjer vi at du skal ha nokon å - tilbringe dagen med - snakke med - ete saman med - ha aktivitetar saman med. Dagsenteret har ope kvar dag mellom kl. 07:30 - 15.00.

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen, Toril S. Olsen og Bjarte Sælevik Lene Juul Hansen. Sist endra 04.07.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering