Avlasting

Avlasting omfattar tenestene  timebasert, privat og kommunal avlasting, omsorgsløn, brukarstyrt personleg assistent (BPA) og tilrettelagt aktivitetstilbod før- og etter skuletid for elevar med nedsett funksjon som går i ungdomsskulen og i vidaregåande skule (TAT). 

Avlasting: Avlasting er ei teneste for innbyggarar med omsorgstrengjande familiemedlemmer. Tenesta skal gje familien høve til regelmessig fritid og ferie. Kommunal avlasting gis ved Kvernaland avlasting og i sjukeheim. Privat avlasting er avlasting i privat heim hos godkjente familier.
 

 

Tilbod før og etter skuletid for elevar  med nedsett funksjon (TAT): Tenesta er ei tilrettelagt avlasting/aktivitetstilbod før og etter skuletid, for elevar med fysisk og kognitiv funksjonssvikt. Tilbodet er for elevar som går på ungdoms- og vidaregåande skule. Tenesta held til på Bryne dagsenter i Røyrvika 10.
Målsetting:
TAT skal vere eit trygt og stimulerande tilbod for elevane, som føresette også skal ha tryggleik og tillit til. Kvar einskild ungdom skal møtast med respekt, og aktiviteten skal vera tilpassa ut i frå den einskilde ungdommen sine interessar, ressursar og ha fokus på meistring.
Hovudmål er å gje eit aktivitetstilbodtilbod som er tilpassa og meinigsfylt som eit alternativ til ordinært arbeid.
TAT har som hovudoppgåve å sørgja for at brukarane får tilrettelagd sin kvardag på ein best mogleg måte.

Kontaktperson:
Dagleg koordinator: Anne Vold Jensen Anne.Vold.Jensen@time.kommune.no
 

 

Omsorgsløn: Omsorgsløn er løn til pårørande for utført omsorgsarbeid for pleietrengjande familiemedlemmer, som har eit særleg tyngjande omsorgsbehov. Kommunen sine økonomiske rammer for slikt arbeid skal styra tildelinga av omsorgsløn.

 

Brukarstyrt personleg assistent (BPA): Assistenten skal gi menneske med funksjonshemming praktisk/personleg hjelp i kvardagen. Brukaren av tenesta er sjølv med på å tilsetta, læra opp og leia tenesta.

 

For meir infomasjon om tenestene sjå tenestestandard for den enkelte tenesta. Du kan søke om desse tenestene på søknadsskjema. (PDF, 260 kB)

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Toril S. Olsen. Sist endra 04.07.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering