Ressursteam

I Time kommune er me opptatt av tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid. Som eit ledd i dette arbeidet er det oppretta ressursteam på kvar skule og barnehage. I ressursteamet skal det vera representantar frå den enkelte skule/barnehage, barnevern, PPT og helsestasjon.
 

  • Ressursteama har møte minst fire gonger i året.
     
  • Dei tverrfaglege ressursteama skal arbeide for å betra oppvekstmiljøet generelt, samt å gje barn som treng det-  rett hjelp, til rett tid, på rett stad.
     
  • Foreldre har innsyn i saker som gjeld eigne barn.
     
  • Foreldre kan sjølv ta initiativ til at saker vert drøfta i ressursteamet ved å ta kontakt med ein i personalet eller ein i ressursteamet.
     
  • Ressursteamet kan ta opp anonyme saker. Dersom det vert diskutert barn med namn, innhentar ein alltid samtykke frå foreldra på førehand.
  • I tillegg er det oppretta ressursteam på familiesenteret, for foreldre/føresette som har utfordringar i forhold til psykisk helse og/eller rus, og som har barn under skulealder.
  • Alle som er deltakarar i ressursteama har teieplikt.
Publisert av Siri Kverneland. Ansvarleg Trygve Apeland. Sist endra 22.05.2017
Fann du det du leita etter?