Jærskulen

 Jærskulen er eit samarbeidsprosjekt mellom Hå, Gjesdal, Klepp og Time.

Jærkommunane har over fleire år bygd Jærnettverket opp til å bli eit av dei best fungerande i Rogaland. Dette samarbeidet skal gje leiing og tilsette den styrken som skal til for å oppnå eit betre læringsutbytte for grunnskuleelevane på Jæren.

 

Mål for satsinga:

  • Jærskulen har eit godt læringsmiljø med kultur for læring.
  • Jærskulen har godt læringsutbytte.
  • Jærskulen har gode lærarar, inspektørar og rektorar.
  • Jærskulen har skuleeigarar som tek ansvar for arbeidet i skulen.
  • Jærskulen har godt omdøme.
    Jærskulen logo - Klikk for stort bilete

Nina Nygård Magnussen er  leiar  for Jærkommunane i dette arbeidet. 

 

Skulane i Time arbeider aktivt i forhold til Kunnskapsløftet. Digital læring og kompetanse har dei siste åra vore  voreoverordna satsingsområde. Innan 2018 skal alle elevane i Time ha iPad. Dette vil vera fokusområde i åra framover, samtidig som den einskilde skulen vil vurdera kva dei vil ha som satsingsområde ut frå vurdering av eigne resultat. 

 

Det er ni skular i Time kommune. Av desse er tre ungdomsskular og ein skule er ein 1 – 10.

Bryne kompetansesenter har  språkstasjon for barn, der elevar som kjem til Norge får opplæring første året.

 

Det er lett tilgang med kollektivtransport til fleire av våre skular som ligg sentralt i og kring Brynebyen.

Faglege behov er allmennlærarar, lærarar med fordjuping i norsk, matematikk,engelsk, naturfag, praktisk estetiske fag og spesialpedagogikk.Krav:  

Vi krev politiattest for stillingar i skulen. 

 

Jærskulen på Facebook: www.facebook.com/jaerskulen



 

Publisert av Olaug Bekkeheien. Ansvarleg Mats Bryne. Sist endra 30.10.2017
Fann du det du leita etter?