Takk for innsatsen i "Heile Time ryddar"

time ryddar.JPG - Klikk for stort bilete

Med mottoet «Ingen kan ta alt men alle kan ta litt» samla innbyggjarar, skular, barnehagar, lag og organisasjonar i Time inn 1620 kilo avfall under ryddeaksjonen «Heile Time ryddar» 3. mai i år. Kommunen takkar og deler ut gåvekort til tre av dei som deltok.

 

Fam Trygve Andre Sætre og Eivindsholen Vel vann gåvekort hos Horpestad Plantesal og kan pynta ute for resten av sommaren. Spødarbakken barnehage vann pizza til «dugnadsmiddag» som takk for innsatsen. 

 

Av avfallet som kom inn var 250 kilo metall som var samla inn ulike stader. Kommunen vart også gjort merksam på fleire uoffisielle «fyllplassar».


Sjølv om det går eit år til neste felles ryddedag, er det fint om alle bidreg til å halda kommunen vår rein heile året – ingen kan ta alt, men alle kan ta litt!

 

 

 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 08.06.2018
Fann du det du leita etter?