Suksessprosjektet Menn i helse kjem til Time

Menn i helse.jpg - Klikk for stort bilete

I desse dagar jaktar Nav, tiltaksarrangørar og Menn i helse på menn som er  motiverte og eigna og som i framtida kan tenka seg ein jobb som fagarbeidar i helse- og omsorgssektoren.  Velkommen til informasjonsmøte 11. januar kl. 12-14  på Folkets Hus i Stavanger 

 Aktuelle menn melder seg på til informasjonsmøte 11. januar via denne lenka:


«Menn i Helse» er samarbeidsprosjekt mellom NAV, kommunane, fylkeskommunen, fylkesmannen, KS og Helsedirektoratet.  Målet er å rekruttera fleire menn til ein sektor som har behov for fleire hender i framtida.
 

Målgruppa for Menn i Helse er menn mellom 25-55 år med rett til eller som mottar yting frå NAV. Deltakarane får tittelen helserekrutt under utdanningsløpet og tittelen helsefagarbeidar etter bestått fagprøve. Det vert tilbydd eit komprimert utdanningsløp fram til fagbrev som helsefagarbeidar.
 

Time kommune har garantert for inntil 4 praksisplassar og læreplassar for kullet som startar opp 2018. Det er Bryneheimen og Sivdamheimen som skal ta imot utvalde menn i ein 12-vekers arbeidspraksis våren 2018.
 

På Nord-Jæren er det arbeidsgjevarane Sola kommune, Sandnes kommune, Stavanger kommune, Time kommune og Randaberg kommune som deltar.
 

Modell for opplæring

35 deltakarar får praksisperiode i tre månadar ved sjukeheim. 25 av disse vert valde til å ha sommarjobb ved ein sjukeheim sommaren 2018. Hausten 2018 startar deltakarane på eit kurs i ti månadar. Kurset er sett saman av vg1 Helse- og oppvekstfag og vg2 Helsearbeidarfag. Etter endt kurs vert det ein ny runde med sommarjobb i kommunen.

Fullført og bestått programfag på vg1 og vg2 gjev kvalifiserte deltakarar rett til å skriva lærekontrakt. Etter endt læretid skal deltakarane gjennomføra ein tre-dagars fagprøve som består av både teori og praksis.

Fagbrev vert utskrive når fagprøve, programfag og fellesfag er bestått. 

Les meir på www.mennihelse.no

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg KS. Sist endra 09.01.2018
Fann du det du leita etter?