Skatteinngangen i januar

norske_pengesedler_600x300.jpg - Klikk for stort bilete

Skatteveksten i januar viser ein fin vekst på 5,2 %. For landet var han på 4,9 %. God skattevekst har samanheng med redusert arbeidsløyse.

Då skatteinntektene i Time svikta på slutten av fjoråret, er budsjettert vekst for 2018 målt mot innbetalt skatt i 2017 på 6,6 %. Budsjettert skattevekst for landet er på 1,2 %.

Når me ser skatteinnbetaling og skatteutjamning under eitt er inntektene om lag som budsjettert i januar.

 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Aud Steinsland. Sist endra 06.02.2018
Fann du det du leita etter?