Skatteinnbetaling mars 2018

norske_pengesedler_600x300.jpg - Klikk for stort bilete

Skatteinngangen i Time auka i mars med 1,7 % samanlikna med same månad i 2017.  Samla komuneskatt for heile landet auka i mars med 3,4 %.  

Budsjettert vekst rekna ut frå rekneskapen for 2017 er for Time kommune på 6,6 % og tilsvarande for landet er ein budsjettert vekst på 1,3 %. For Time kommune svikta skatteinngangen i 2017 og derfor vert vekstprosenten ekstra høg. Det motsette var tilfelle for landet.
 

Skattetrekket i Time auka i mars med 3,2 %, men forskotsskatten viste nedgang.
 

Hittil i år er veksten i skatteinngangen i Time på 2,8 % og for landet på 3,9 %. Me har budsjettert med skatteinntekter per innbyggjar lik gjennomsnittet for alle kommunar. Ved utgangen av mars er skatteinngengen per innbyggjar på 97,7 % av gjennomsnittet mot 95,3 % for heile fjoråret.
 

Dersom skatteveksten for Time og landet ved utgangen av mars vert årsresulatet, vil Time på grunn av skatteutjamningsmidlar nå budsjetterte inntekter når det gjeld sum skatt og rammetilskot.

 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Aud Steinsland. Sist endra 06.04.2018
Fann du det du leita etter?