Samarbeid reduserer fråværet

Illu. samarbeid.png - Klikk for stort bilete

Sjukefråværsprosjektet i Omsorg «Sterkere tilbake» har ført til at fråværet har gått ned med 35 % første halvåret i 2017.  Målet for prosjektet er at sjukefråværet i Omsorg skal vera redusert til 9 % i 2017 og til 7,5 % i 2018.

Tenesteområda i Omsorg har hatt store utfordringar med høgt sjukefråvær.  I eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, bedriftshelsetenesta Stamina og Arbeidslivssenteret i Rogaland har eit av tiltaka vore å oppretta eit «Sterkere tilbake-utval».  Tilsette med eit bekrymringsfullt høgt fråvær vart inviterte til samtale.  Målet for den enkelte arbeidstakar er å koma tilbake og ha eit høgt nærvær i arbeid.  Den enkelte arbeidstakar får saman med sin næraste leiar, HR-rådgjevar, bedriftshelsetenesta og arbeidslivssenteret kartlegga arbeidssituasjonen og kva utfordringar og tiltak som må løysast på arbeidsplassen og i privatlivet for at medarbeidaren skal unngå ytterlegare sjukefråvær.


Tilbodet om å møta i Sterkere tilbake-utvalet er frivillig og dei fleste har takka ja til tilbodet.  


HR-rådgjevar Solveig Hognestad er prosjektleiar for sjukefråværsprosjektet.  Ho fortel at det er stort fokus på førebyggja sjukefråvær i prosjektet og at kommunen vil ha fokus på å skapa meir helsefremjande arbeidsplassar.  Det vert arrangert kurs for leiarane, verneomboda og tillitsvalde for å best mogleg dra lasset saman. 


Bedriftshelsetenesta gjer ergonomiske vurderingar for å få gode løysingar til beste for brukarane og arbeidssituasjonar for dei tilsette.


Dei siste tala for sjukefråværet for 2017 er ennå ikkje klare, men det ser ut til at målet om å koma ned til eit sjukefråvær på 9 % vert nådd for tenesteområde Omsorg. 

 

Omtale på nav.no

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Solveig Hognestad. Sist endra 11.01.2018
Fann du det du leita etter?