Rådmannen sitt forslag til økonomiplan 2019-2022

norske_pengesedler_600x300.jpg - Klikk for stort bilete

Rådmannen la tirsdag 30. oktober fram forslag til økonomiplan for perioden 2019-2022 i eit ope møte i den nye kinoen på Bryne.   

 - Time kommune skal vera ein attraktiv kommune å busetta seg i, og eit samfunn som er godt å leva i. Derfor har folkehelsearbeid vore førande for arbeidet med økonomiplanen. Det handlar om å leggja til rette for ein bærekraftig samfunnsutvikling som både motverkar sosial ulikskap og som fremmar god helse i befolkninga, seiar rådmann Trygve Apeland.
 

Målet er å synleggjera betydinga folkehelsearbeid har for å skapa god samfunnsutvikling og setja nokre langsiktige mål for folkehelsearbeidet i kommunen. Dette satsinga tek utgangspunkt i den nye folkehelseprofilen for Time kommune, som vart utarbeida i 2018. Her prioriteter kommunen arbeidet innan fem område for å løfta folkehelsa i kommunen: psykisk helse, inntektsforskjellar, skulevegar, eldreressursen og aktivitetsmangfald. Alle mål og tiltak som er relaterte til dei fem prioriterte områda er i økonomiplanen merka med «Folkehelse».
 

Økonomiplanen (PDF, 2 MB)har òg fått eit eige delkapittel om barnefattigdom. Kommunestyret etterspurte meir rapportering om kommunen sitt arbeid mot barnefattigdom i behandlinga av årsmeldinga for 2017. Rådmannen ønskjer derfor å synleggjera dette arbeidet både i økonomiplanen og i framtidige årsrapportar.
 

- Kommuneøkonomien er stram og det avgrensar moglegheita for mange nye driftstiltak og investeringar. Derfor har me lagt særleg vekt på å utnytta eksisterande økonomiske rammar best mogleg. Me har òg satsa på tidleg innsats på tvers av alle kommunalområda. Noko som er både god investering i innbyggjarane våre, men på lang sikt òg godt for den kommunale økonomien, seier Apeland.

I denne økonomiplanperioden får me fleire elevar og lærarårsverk. Me får òg fleire pedagogar og tilsette per barn i barnehage. Eit viktig løft innan kulturfeltet er den nye kinoen på Bryne. 2019 vert det første heile året der drift av denne ligg inne i budsjettet.
 

Kommunen fortset si opptrapping av lærlingar og vil i 2019 ha 32 lærlingar. Frå 2020 vert det stilt krav om at alle kommunar skal ha ein psykolog. Intensjonen er at psykologen skal arbeida på systemnivå, og samtidig vera eit lågterskeltilbod for alle aldersgrupper.
 

- På investeringssida er det ingen nye større investeringsprosjekt lagt inn i planperioden. Ny symjehall på Bryne og oppgradering av Storgata er forskyvde til slutten av planperioden. Dette for å redusera belastninga på kommuneøkonomien i lys av lågare inntekter, seier Apeland
 

Time kommune sin visjon er å vera trygg og framtidsretta. Det handlar mellom anna om å sørgja for ei økonomistyring som sikrar handlingsrom for satsingar og framtidige utfordringar. Ny kommunelov skal tre i kraft i juni 2019. Dette krev at alle kommunar opprettar lokale «handlingsreglar» for si økonomiplanlegging. Rådmannen legg derfor fram ei sak om forslag til slike «handlingsreglar», parallelt med økonomiplanen.
 

Rådmannen vil i økonomiplanperioden arbeida for å gjera kommunen meir brukarorientert og effektiv, og sikra ei utvikling som nyttar potensialet i ny teknologi. Det handlar mellom anna om å styrka digitalisering- og innovasjonsarbeidet i kommunen. Målet er å levera best mogleg tenester til lågast mogleg pris.
 

Rådmannen sitt forslag til Timeplan for 2019-2022 viser kva mål og tiltak som rådmannen meiner bør prioriterast innanfor dei økonomiske rammene kommunen rår over. Forslaget vert lagt fram for dei folkevalde for godkjenning i formannskapet sitt møte 20 november og kommunestyret sitt møte 13. desember.
 

Meir detaljert informasjon om status og utfordringar i tenestetilbodet til kommunen, går fram av Årsrapport 2017 (PDF, 3 MB)Statistikkrapport 2017 (PDF, 2 MB) og tertialrapportar for 2018.

Økonomiplan 2019-2022 (PDF, 2 MB) og prisar 2019 (PDF, 870 kB)
 

Største satsingsområde 2019-2022

  • Folkehelse
  • Tidleg innsats/førebygging
  • Fleire lærarar
  • Høgare pedagogtettleik og bemanning i barnehagane
  • Drift av nye Bryne kino
  • Lærlingar
  • Kommunepsykolog
  • Ei brukarorientert og effektiv forvaltning som nyttar potensialet i ny teknologi
     

Investeringar 2019-2022

Samla framlegg til investeringar i perioden 2019-2022 er på 775 millionar kroner. Dei største investeringsprosjekta i perioden er:

  • Rehabilitering og utviding av Trollongane barnehage
  • Byggja Vardheia ungdomsskule, Vardheihallen og turnhall
  • Oppstart bygging av ny symjehall på Bryne
  • Utbetring av leikeplassar og ballbingar
  • Utvida overvasskapasiteten på Bryne
  • Oppgradera og gjera Storgata om til gågate
  • Opparbeida nytt kryss Åsenvegen/fv 506
Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Reid Ivar Bjorland Dahl. Sist endra 07.11.2018
Fann du det du leita etter?