Time har om lag 18 600 innbyggjarar, og har i fleire år hatt sterk folkevekst.
Time har eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Med plassering midt i matfatet på Jæren er kommunen også ein viktig jordbrukskommune.
Time kommune sin visjon er «Trygg og framtidsretta». Kommunikasjonen til kommunen skal vera open, tydeleg og i dialog med innbyggjarar, næringsliv og besøkande.
Kommunen har ansvar for lokaldemokrati, samfunnsutvikling og tenester, og utviklar desse gjennom innovasjon og dialog med innbyggjarar, næring og forskning.
Organisasjonen Time kommune har om lag 2000 tilsette i 1800 årsverk.
I Time er det korte avstandar mellom by og land, og frå stasjonen på Bryne er det kollektivtransport til Stavanger, Sandnes, Jæren og Eigersund og flybuss til Stavanger lufthavn Sola.
Time kommune blei oppretta i 1837.
Kommunen er heimstaden til diktaren Arne Garborg.
Nasjonalt Garborgsenter er plassert på Bryne. Garborg sin heim, Garborgheimen, og fritidsbustaden hans, Knudaheio, er kulturminne verd eit besøk.
Fritz Røed skulpturpark er ei gåve til heimkommunen frå kunstnaren som vaks opp på Bryne. Det finst også fleire skulpturar av Fritz Røed i kommunen.
Kommunen har rike fornminne frå bronsealder til vikingtid, ög i tillegg mange minnesmerke og kunstinstallasjonar som er verd eit besøk.
Time bibliotek er ein viktig kulturinsititusjon i kommunen saman med regionalt kulturhus Storstova på Jæren. I Bryne mølle held Bryne kunstforening til, og Møllekjellaren er ungdomskultursenteret på Bryne. Ny kino i Bryne sentrum er under etablering.
Kommunenamnet Time kjem av det gamalnorske gardsnamnet þimin. Namnet er eit såkalla -vin namn, som tyder naturleg eng, eller beite. Føreleddet er litt uklart, men kan tyda noko i retning av tina, tø opp, bli våt. Namnet kan dermed ha samband med våtmark, myrjord.
Vipa er motivet i Time sitt kommunevåpen sidan 1978. Vipa er eit sikkert vårteikn, og eit symbol på optimisme og pågangsmot. Kommunen fekk i 2008 i oppdrag frå miljøvernministeren å ta særskilt vare på vipa som er på Norsk Raudliste for trua artar.