Miljøfarleg avfall – ny ordning

  Raud boks for farleg avfall - Klikk for stort bilete

Nå kan me hente miljøfarleg avfall heime hjå deg.

 

Innbyggjarar i Time kan nå sortera miljøfarleg avfall i ein eigen behaldar. Dette er ein raud boks, og den kan hentast gratis på følgjande stader:

 

Servicetorget på rådhuset

Coop Extra på Lye

Coop Prix på Undheim

Coop Extra på Kvernaland.

 

Om det er vanskeleg for deg å henta boksen, kan me levera den til deg. Du kan bestilla dette her:

Bestilling av raud boks (krev innlogging).

 

Når boksen er full, bestiller du henting på www.hentavfall.no Ver nøye med å lese vilkåra når du bestiller. Ein tom boks blir satt igjen etter tømming. Du kan og ta med den raude boksen til Sele eller Forus gjenvinningsstasjon og levere innholdet der.

 

Alle dei raude boksane er utstyrt med barnesikring.

Publisert av Odd Ivar Nese. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 31.10.2018
Fann du det du leita etter?