- Lidenskap er gratis

Agnes Berntsen snakka om lidenskap og galskap i arbeidslivet.  - Klikk for stort bilete Dette var noko av bodskapen frå Agnes Berntsen då ho på entusiastisk vis snakka om arbeidsglede under bykonferansen i Bryne mølle.

 

Over 100 personar var samla i mølla under Bykonferansen 2017 for å høyra om utvikling av Bryne sentrum. Over 100 personar var tilstades på bykonferansen i Bryne mølle. - Klikk for stort bileteOver 100 personar var tilstades på bykonferansen i Bryne mølle. Berntsen frå Tangoo AS var siste foredragsholdar, og ho fekk salen til å le både høgt og lenge då ho delte frå eigne erfaringer om galskap og lidenskap i arbeidslivet. Det var ei passande avslutning på ein spanande konferanse, der dei mange engasjerte foredragsholdarane viste kva slags moglegheiter og utfordringar Bryne har.

 

Samarbeid

Eit gjennomgåande tema var at samarbeid mellom det private og offentlege er heilt avgjerande for å lykkast. Knut Vareide frå Telemarksforskning, som har forska på kva som må til for at ein by skal vera attraktiv, påpeika at dette er ein viktig faktor i arbeidet med byutvikling:

 

- Det er heilt avgjerande at det er tillit mellom kommunen og næringslivet.

 

Olav Line, opprinneleg frå Bryne, leiar arbeidet med å utvikle og bygge Lilleakerbyen i Oslo. Han hadde mange gode tips til korleis Bryne kan utvikla seg vidare, og han la vekt på at det er viktig å få flest mogleg til å engasjera seg:

 

- Tenk stort, og få med flest mogleg til dialog om korleis byen skal vera. Byen må ha noko for folk i alle aldre, og skal vera ein plass der folk får gode opplevingar.

 

Transport og parkering

Det var også fleire som påpeika at det er viktig å få gode ordninger for kollektivtransport og parkering. Odd Harald Aksland i Kolumbus fortalte mellom anna engasjert om Kolumbus sine spanande planar for å gjera kollektivreising lettare og meir effektivt i regionen vår:

 

Odd Harald Aksland fortalte om Kolumbus sine planar for regionen.  - Klikk for stort bileteOdd Harald Aksland fortalte om Kolumbus sine planar for regionen.

- Privatbilen er komen for å bli, men me jobbar for at det skal vera lettare å la den stå litt oftare.

 

For å klare dette arbeider Kolumbus for å få til likt takst- og billettsystem for tog og buss. Dette vil gjera det mogleg for reisande å reisa med både buss og tog på same billett. Rutene for buss og tog skal også bli korresponderande, slik at det blir mindre ventetid for dei reisande.

 

Byggerådgjevar Harald Grayston snakka varmt om det moglege parkeringsanlegget under bakken i Bryne sentrum, og sa i sitt foredrag at det etter hans meining er heilt avgjerande at sentrum får betre parkeringordningar:

 

- For den vidare utviklinga av Bryne er det viktig at me får dette til. Det me foretar oss nå vil prege Bryne i lang tid framover.

 

Ungdommeleg iver

Selma Ree og Kristiane Seglem frå Bryne vidaregåande skule kom med fleire viktige innspel til både kommune og næringsliv. Dei etterlyste fleire idrettshallar, og påpeika at det er stort behov for dette på både dagtid og kveldstid. Videre hadde dei mange tankar om korleis Storgata kan utviklast vidare slik at både unge og eldre vil bruka den meir.

 

Dei utfordra også næringslivet til å ha ein meir aktiv dialog ovanfor elevane om kva for kompetanse det er behov for i framtida. Dette ville gjort det lettare for elevane når dei skal velje kva for ei utdanning dei skal ta, og det vil også auke sjansen for at dei flytter tilbake til kommunen når dei skal ut i arbeidslivet iføljge dei to elevane.

 

Leif Andre Høyland Grødeland spelte eigenkomponert sang under bykonferansen. - Klikk for stort bileteLeif Andre Høyland Grødeland spelte eigenkomponert sang under bykonferansen.

Publisert av Odd Ivar Nese. Sist endra 13.11.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering