Lærlingar og lærlingskule

lærlingar 2018.jpg - Klikk for stort biletelærlingar 2018.jpg Katrine Aure

Øverst fra venstre side: Helene Chantel Monsen, Kristin R. Vik, Silje Håland, Elisabeth Ueland, Ordførar Reinart Kverneland, Christel Egeland, Henrikke Berberg Stokka, Hanne Steine, Stine Idland. Framme v.side: Simen Berge Skaret, Hanne Braut, Martyna Chelinska, Camilla Klungtveit Horve, Elise Gimre Håland, Guro Vestly, Ida Handeland og Lene Thu.

Kvart år i august byrjar det nye lærlingar i kommunen. Dette året starta 16 nye lærlingar, 9 innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og 7 innan helsearbeidarfaget.  Dei fleste starta i midten av august og har nå vore ute på sine nye arbeidsplassar i ein månad.

Nytt dette året er at vi har starta opp med lærlingskule. Det vil i praksis sei at i det første halvåret vil me samle alle nye lærlingar til faste samlingar kor dei vil få undervisning i aktuelle tema. Tema vil vera alt frå psykisk helse, sykefråver og AKAN (Arbeidsmiljøets kompetansesenter innen alkohol- og narkotika), relasjoner i arbeidslivet, kompetansebok,  kommuneorganisering og arbeidsglede.

Begrepet lærlingskule har me fått ide i frå andre bedrifter i nærmiljøet, me har blant anna vore hos Aarbakke og fått god innføring i korleis dei driv sin lærlingskule, me har og vore på sjukehuset og fått innføring i korleis dei driv lærlingarbeidet.

 

 

 

 

 

 

   

 

 

Publisert av Gry Kirsti Sirevåg. Sist endra 13.09.2018
Fann du det du leita etter?