Koordinator for frivilleg arbeid ved institusjonar

Anita M. Stokdal.png - Klikk for stort bileteAnita M. Stokdal.png

Time kommune har fått innovasjonsmidlar frå Fylkesmannen i Rogaland for å koordinera, organisera og leggja til rette for arbeidet med og rundt dei frivillige ved institusjonane.

Det arbeidet som vert gjort for dei som bur på sjukeheim og deira pårørande, av dei frivillige, er uvurderleg. Det er mykje godt frivillig arbeid som skjer i institusjonane våre i dag. Det er mellom anna å  halda sansehagen utanfor Sivdamheimen fin, koma på besøk med besøkshund, baka ilag med dei som bur der eller vera turvenn og mykje meir. Dei frivillige kjem blant anna frå Frivillighetssentralen, Røde Kors, Lions, skular, barnehagar og andre organisasjonar i Time

 

Til dette arbeidet har Time kommune satsa på å oppnemna ein frivillighetskoordinator for å organisera og legga til rette for arbeidet med og rundt dei frivillige. Anita M. Stokdal som til dagleg arbeider på Sivdamheimen i resepsjonen som saksbehandlar, skal nå ha ansvaret som frivillighetskoordinator. Oppgåvene som vert gjord av dei frivillige er det viktig at me tek vare på og viser at me verdset. Frivillig arbeid gjer ein stor forskjell for brukarane og dei tilsette.  

 

Det gode møte mellom menneske handlar om forhold der det er viktig å leggja til rette for gode relasjonar mellom menneske i sjukeheim. Anita legg vekt på at det viktig å få fram slagordet «Du er viktig for oss», og kva som skjer når møta mellom menneske opplevest godt?


Lykke er smittsamt. Lykke er som eit virus.

 

Anita ønskjer å samarbeida meir systematisk med dei frivillige som me allereie har hos oss i dag. For oss er det viktig med dei gode pusteromma, den gode drøsen. Det er like godt for personalet, pasientane og dei frivillige å sjå gleda det skaper med inspirasjon utanfrå. Det er viktig i møte med menneske å møta dei der dei er. Vera med og skapa opne og kreative aktivitetar rundt dei som bur her hos oss.

 

Dersom du eller nokon du kjenner har lyst å vera med i frivillig arbeid så ta kontakt med Anita Morales Stokdal, tlf.: 51 77 62 50 / 901 55 337.

 

Kva inneber det å vera ein frivillig?

 

Publisert av Rita Ueland. Sist endra 29.10.2018
Fann du det du leita etter?