Kan me spør deg om lokaldemokratiet?

Dodekahedronen -symbolet på Europarådet si utmerking  - Klikk for stort bilete

Denne veka kan du vera den som får telefon med spørsmål om korleis demokratiet fungerer i Time kommune. 

KS (kommunenes sentralforbund) skal intervjua 400 innbyggjarar i Time om korleis lokaldemokratiet er i kommunen. Spørsmåla i lokaldemokratiundersøkinga er baserte på fagleg kunnskap om kva som kjenneteiknar eit godt lokaldemokrati. I tillegg til Europarådet sine 12 prinsipp for godt lokalt  tek undersøkinga utgangspunkt i KS-plattformen Godt lokaldemokrati.

 

Undersøkinga består av 15 innbyggjarspørsmål, og det er Opinion som gjennomfører telefonsamtalane.

 

Time kommune fekk i 2012 Europarådet si utmerking for godt lokaldemokrati. Kommunen har tidlegare utført KS lokaldemokratiundersøking i 2009 og 2014. På grunnlag av desse undersøkingane og ekspertevalueringa i 2012 har Time kommune laga handlingsplan for lokaldemokrati.  Planen vert revidert på grunnlag av lokaldemokratiundersøkinga  2017.

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Elin Wetås de Jara. Sist endra 07.06.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering