Høyring: Plan 0502.00 - Fv. 504 Buevegen, Osland - Skrettingland

Planarbeidet skal legge til rette for ein utbetra vegstandard og auka trafikktryggleik langs Buevegen.

 

Krysset mellom fv. 504 og fv. 505 må utbetrast og det skal vurderast om hovudvegen skal endrast slik at fv. 504 blir gjennomgåande, med fv. 505 som sekundærveg. Dette vil bli vurdert på grunnlag av trafikkvurderingar. I tillegg skal vegkurven ved Bergene mellom Kartavoll og krysset fv. 504/fv. 505 rettast ut. Fleire alternativ vil bli foreslått.

 

Kommunane Bjerkreim, Time og Hå har vurdert at tiltaket ikkje er utgreiingspliktig i medhald til plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiingar. Dei tre kommunane har fastsett eit planprogram, som skal  avklare overordna rammebetingelsar og val av grep for det vidare planarbeidet. Dette er ein fordel når planarbeidet angår tre kommunar.

 

 

Statens vegvesen er tiltakshavar og utfører den praktiske planlegginga, og vil også legge planen ut til offentlig ettersyn i samsvar med plan- og bygningslovens § 3-7. Kommunane skal som ansvarleg mynde sluttbehandle og vedta planen.

Publisert av Hiba Saeed Idris. Sist endra 05.11.2018
Fann du det du leita etter?