Heile Time ryddar - heile Rogaland ryddar

Time ryddar  - Klikk for stort bilete

«Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt» er mottoet når kommunen inviterer til ryddeaksjon torsdag 3. mai. Sett av nokre timar til å gjera nærområdet ditt ryddig og fint, gjerne saman med andre. Melder du deg på aksjonen, er du også med i premietrekning.

Time kommune stiller med utstyr til dei som bidreg til å gjera kommunen rein og fin før sommarsesongen og 17. mai. Avfallet vert henta på stadane som går fram av karta. Gå saman med naboar, vellag eller andre du har lyst å rydda saman med, og sett i gang. Meld deg på årets ryddeaksjon og delta i trekninga av eit gåvekort frå eit lokalt hagesenter.


 

Her får du utstyr til ryddinga
Du kan henta hanskar og sekkar i Servicetorget i rådhuset på dagtid. I tillegg vil det verta
stasjonar i krinsane  (merka av på karta) den 3. mai mellom kl 17.00 og 18.00, der du kan henta utstyr til ryddinga. Der kan du mellom anna møta lokale politikarar som deltek i aksjonen. Det er sjølvsagt lov å bruka eigne sekkar også.


 

Dette skal ikkje i sekken
Det viktigaste for å hindra forsøpling er at me rydder flygeavfall som vinden ber med seg. Sand, stein og grus skal ikkje i søppelsekkane. Hageavfall kan leverast gratis på gjenvinningsstasjonen som elles.

 

Tenk på dette når du ryddar
Er det mykje avfall – fordel det på fleire sekkar så dei ikkje vert for tunge
Dersom de finn farlege gjenstandar, ver forsiktig, og meld frå om de ikkje vil ta det med.
Finn de store gjenstandar, tek me hand om forsvarleg og miljøriktig handtering – meld frå.
Dersom du veit at noko er miljøfarleg, legg det i ein eigen sekk, så det vert sortert rett.  

 

Takk for at du deltek i å gjera nærmiljøet og kommunen din rein. Hugs å levera søppelsekkane på avtalt stad den 3. mai – dei vert henta seinast dagen etter.

 

Del gjerne bilde frå ryddeaksjonen på instagram #timeryddar2018 eller send oss bilde på time.kommune@facebook.com

 

Kart over
Bryne (PDF, 2 MB)
Hognestad (PDF, 188 kB)
Lye (PDF, 392 kB)

Undheim (PDF, 234 kB)
Kvernaland (PDF, 620 kB)



Ikkje rydd på og langs vegar
I følgje retningslinjer i håndbok 51 «Arbeid på og ved veg» frå Statens vegvesen er det ulovleg å ha organisert søppelrydding langs offentleg veg. Time kommune oppmodar derfor alle som skal ut å rydda torsdag om å ikkje rydda i veggrøfter. Statens vegvesen presiserer at dette har med trafikktryggleiken for dei som ryddar å gjera. Rydding langs offentleg veg krev kurs, skilting og rett synleg bekledning for å vera lovleg. Statens vegvesen har derfor eigne folk som ryddar veggrøftene.  

Publisert av Elin Wetås de Jara. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 02.05.2018
Fann du det du leita etter?