Har du kome igang med å få breva dine digitalt?

SvarUT.jpg - Klikk for stort bilete

Me ønskjer at du skal få posten din på ein sikker måte.  Derfor bruker me digital postkasse og Altinn å senda ut brev til innbyggjarane.

Svar ut logo - Klikk for stort bilete

Me går gradvis meir og meir over til å senda alt digitalt. For å få gevinst for deg og for kommunen er det viktig at du les dokumenta digitalt når du får dei i den digitale postkassen din eller i Altinn.
 

Nå tek me eit steg vidare og vil senda faktura digitalt. Dersom du ikkje har valt å få faktura som e-faktura eller avtalegiro, vil du snart motta fakturaen i din digitale postkasse eller i Altinn.

Slik skaffar du deg digital postkasse 

Mindre utgifter for kommunen
For kvart brev som vert mottatt og lese i ein digital postkasse eller Altinn, sparer Time kommune 40 kroner.  Når me nå vil senda ut faktura på kommunale avgifter, som er ca. 4000 brev, vil innsparinga verta rundt 160 000 kroner dersom alle opnar brevet sitt digitalt.


Me ønskjer fleire digitale brukarar
Time kommune har sendt brev ut digitalt via såkalla digital postkasse og Altinn sidan 1. mai.  I Time kommune er det 36,5 %  av innbyggjarane over 15 år som nyttar digital postkasse eller Altinn. Time kommune er på 5. plass i Rogaland over kor stor del av innbyggjarane som bruker denne tenesta.

Når du tek i bruk digital postkasse eller Altinn så får du breva dine på ein sikrare måte.  Du få melding via e-post om at det er kome post til deg, og du må logga deg inn med din eigen brukar-id for å få tilgang til breva.  I tillegg så sparer du og avsendar tid med å sleppa postgangen. 

Vil du vita meir om digital postkasse eller Altinn, kan du ta kontakt med servicetorget
på tlf. 51 77 60 00.

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 08.08.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering